Stikkordarkiv: sunnmøre historielag

Lansering Årbok for Sunnmøre 2022

Årbok for Sunnmøre 2022, 98. årgang.

Torsdag 1. desember klokka 18:00 inviterer lanserer vi Årbok for Sunnmøre.
Stad: Sunnmøre museum, Ålesund

Årbok for Sunnmøre 2022 inneheld stoff om hendingar som har forma sunnmørssamfunnet. Fleire av forfattarane vil vere til stades og halde korte innlegg om artiklane sine. Det vert musikalsk innslag ved Lars Viljo Fauske med vener, og høve til drøs og diskusjon.

Her er litt om det du kan gle deg til i den nye årboka:

Vi er med på jakta på ein skuldig etter kyrkjebrannen i Borgund, og vi besøker Nordre gravlund «bak fjellet» i Ålesund. På Brudavollen i Ørsta finn vi prov på at garden, som i dag er museum, har ei minst 400 år gammal historie. Vi skal også til 1960 – talet, då filetfabrikkane vart flytta til havs, om bord i nyskapingane fabrikktrålarane. Rundt førre århundreskifte vart det reist ungdomshus i nesten kvar ei bygd på Sunnmøre. Mange er vekke, men her er dei dokumentert.  
Ein frontkjempar frå Geiranger fortel om sine dramatiske – og for svært mange  – problematiske livsval.       

Forfattarane i årets Årbok er Oddbjørn Hofseth, Arne Knutsen, Anders Roald, Leiv Grønnevet, Nils Seland og Oddbjørn Melle.

Under lanseringa sel vi bøker og medlemskap i Sunnmøre historielag

Gratis inngang. Vel møtt.

ÅRSMØTE I SUNNMØRE HISTORIELAG

Vi inviterer alle medlemer og interesserte til årsmøtet som vi denne gongen har valgt å legge til Sykkylven. I Sykkylven er det eit aktivt lokalhistorisk miljø, i tillegg til Møbelmuseet og det heilt nye Sykkylven Naturmuseum. Vi har vore så heldige å få halde årsmøtet i lokala til museet, og det blir anledning til å ta ei runde for den som vil.

Etter årsmøtesakene får vi eit foredrag om bronsealderprosjektet på Auremarka, halde av styremedlem i Aure Påls vener, Kjetil Tandstad. Sjå gjerne vedlagte link om prosjektet. https://www.nrk.no/mr/bygger-historisk-bronsealderhus-i-sykkylven-1.12938225

Saksliste Årsmøte 2017:
1. Godkjenning av saksliste
2.Val av referent og møteleiar, samt to til å skrive under protokollen
3. Årsmelding 2016
4. Rekneskap 2016
5. Program og årbok 2017
6. Val

Tid: Onsdag 5. april, kl 18:30
Stad: Møbelmuseet / Sykkylven naturmuseum, Storgata 18, Sykkylven.

Vi serverer kaffi med noko søtt til.

Velkomne!