STRIKKINGA SI HISTORIE

Sunnmøre historielag ønsker å rette fokus på ein aktivitet som ikkje har fått den merksemda den burde fått: nemleg strikking. Jamfør vedlagte artikkel frå forsking.no

Artikkel i forsking.no om strikking

Vi legg opp til ein kombinert foredrags – og strikkekafe i oktober / november, og ønsker å kome i kontakt med strikkeentusiastar og strikkeklubbar som kan vere med å gjere dette til eit spennande arrangement. Ta kontakt: post@sunnmorehistorielag.no eller ring Ingvil på 91769356

 

Vi søker artiklar for Årbok for Sunnmøre 2018

Årbok for Sunnmøre har komme ut nesten kvart år sidan 1910, og i 2018 kjem 94. årgang. Rundt om på Sunnmøre, og i resten av landet for den del, er det mange som har prosjekt eller kunnskap som kan – og bør – resultere i ein artikkel til Årboka.

Utgjevarar av Årbok for Sunnmøre er Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum og Sunnmøre Historielag.  Årboka er open for alle som har noko nytt dei vil presentere. For det er eit absolutt krav. Det som vert presentert i Årbok for Sunnmøre skal vere noko nytt og ikkje noko som alt har stått på trykk.

Vi har ikkje noko spesielt tema i 2018, men er opne for alle gode, innsiktsfulle og velskrivne artiklar. Eit anna krav er at artikkelen må vere inne til redaksjonen innan 15.september. Målet er at Årboka skal vere ute i byrjinga av desember 2018.

Redaksjonen har ikkje krav om noko bestemt målform. Lengda er heller ikkje avgjerande, men den bør helst ikkje vere på meir enn 30 sider. Dei må leverast elektronisk, helst som Word-filer. Vi ønsker også å gjere det mogleg for lesaren å sjå nærare på kvar forfattaren har henta materialet sitt frå. Dermed bør det følgje med ei liste over kjelder og litteratur. Fotnotar eller sluttnotar gjev den interesserte lesaren høve til å sette seg endå betre inn  i stoffet.

Illustrasjonane er viktige. Både dei og bilettekstane kan seie mykje. Difor må kvar forfattar jobbe med illustrasjonar samstundes som ein skriv. Fristen 15.09 gjeld også for illustrasjonane. Sørg også for at dei er plassert i teksten. Helst vil vi ha dei som JPG- eller tilsvarande filer, i høg oppløysing. Hugs at det skal følgje med ein  kortfatta presentasjon av forfattaren. Her kan ein sjå bak i tidlegare årbøker for å finne døme på korleis det er gjort.

Forfattaren får høve til å lese korrektur på artikkelen ein gong.

Skriftstyret var i 2017 heile styret i Sunnmøre Historielag. Nytt styre er på plass etter årsmøtet i laget, men artiklar kan sendast leiar Ingvil Grimstad : ingvil@sunnmore.museum.no

Elles kan spørsmål inntil vidare rettast til skriftstyret i 2017: Ole M. Ellefsen, Vibeke Lunheim, Bente Håhjem, Anders Ulstein, Torbjørn Nedregotten Akslen, Dag Brøther, Jarle Sulebust og Ingvil Eilertsen Grimstad.

Lansering av Årbok for Sunnmøre 2017

Torsdag 30. november kom den rykande ferske Årbok for Sunnmøre 2017, akkurat i tide til lanseringsarrangementet i Borgundgavlen. Årets bok  har mykje og variert stoff, frå fjern og nyare tid. Ein av dei som deltok med innlegg under lanseringa var Astor Furseth. Han har skrive om arkeologiske funn frå dei høgste toppane i Tafjordfjella. Dei eldste funna stammar mest sannsynleg frå eldre steinalder ( omlag 10 000 år f.k.) Furseth meiner at funna er eineståande i Norge, og at dei kan kome til å endre etablert kunnskap.

Leiv Arne Grimstad snakka om dei gamle tunvegane i Snipsøyrdalen i Hareid kommune. Med den offentlege vegutbygginga midt på 1800 – talet, forsvann desse vegane. Nokre stader kan ein imidlertid finne spor, til dømes steinbruer.

Jarle Sulebust fortalde om overgangen frå katolisisme til protestantisme  på Sunnmøre. At prestane etter reformasjonen kunne gifte seg førte til danninga av eit dynasti av prestefamiliar. Eit anna og uutforska tema er korleis det gjekk med dei fattige når tienden ikkje lenger vart innkrevd.

Dei andre forfattarane i årets Årbok for Sunnmøre er:
Line Iversen, Dan Andrè Fiskum Velle, Ann Helene Bolstad Skjelbred, Knut Baar, Stein Johannes Kolnes, Ivar Gunnar Braaten, Arnljot Løseth, Harald Kjølås, Karen Høyland Krogseth, Jostein Fet og Steffen Knak-Nielsen.

Medlemmer får boka sendt i posten. Medlemskap kostar 250 NOK
Andre kan kjøpe boka, enten ved å vende seg til Sunnmøre Historielag, post@sunnmorehistorielag.no

eller

i butikken på Sunnmøre museum. avd Borgundgavlen og i butikken på Aalesunds museum i Rasmus Rønnebergsgt 16, Ålesund.
Boka kostar då 290 NOK

Lansering av Årboka for Sunnmøre 2017

Årbok for Sunnmøre 2017 er snart klar. Framsidebiletet er frå ein artikkel om eit spennande dokument – om den gamle stavkyrkja på Skodje. Foto: Ottar Andre Anderson / IKA

No er det ikkje lenge før vi har den rykande ferske Årboka for Sunnmøre 2017 er oss i hende. Vi inviterer derfor til lanseringa med nokre av artikkelforfattarane til stades. Dei vil fortelje litt om det dei har skrive om. Det blir også høve til å stille spørsmål og å diskutere med andre lokalhistorisk interesserte.

Stad: Middelaldermuseet i Borgundgavlen, Ålesund.
Tidspunkt: Torsdag 30. november, kl 18:00.
Inngang er GRATIS
Kaffi og peparkaker

 

Årbok for Sunnmøre 2017 er i rute

Arbeidet med Årbok for Sunnmøre 2017 er i gang, og det ligg an til å bli ei fyldig årbok.  Uvanleg mange har vist si interesse og levert gode artiklar.  Årboka blir lansert første veka i desember, og vi vil då invitere artikkelforfattarane til å kome og fortelje om innlegga sine. Det blir ei god anledning til å stille spørsmål og drøfte interessante sider ved sunmørshistoria. Følg med for annonsering av lanseringsarrangementet.

Det tyder at vi også startar arbeidet med Årbok for 2018. Ta gjerne kontakt om du ønsker  å bidra. Vi er stadig på jakt etter nye tema og vinklingar. Vi har ikkje honorar til bidragsytarane, men artiklane blir tilgjengeleg og til stor hjelp for historieinteresserte i framtida. Den første Årbok for Sunnmøre kom ut i 1910, noko som gjer den til landets eldste lokalhistoriske tidsskrift. Å bidra til Årboka er å bidra til denne stolte og, for landsdelen, viktige tradisjonen.

Vi har som krav at artikkelen ikkje skal ha vore publisert tidlegare.

Dersom artikkelen skal inn i Årbok for Sunnmøre 2018, skal artikkel med foto og bildetekstar vere oss i hende seinast 15. september.

 

Sunnmørsquiz torsdag 9. november

Kvissmasterane Dag Brøther, Ole M. Ellefsen og historikar Eldar Høydal har laga 40 spørsmål med tema frå Sunnmøre i fortid og notid. Spørsmåla er lagt opp slik at dei fleste skal få noko innan sitt interesseområde. Dette er ikkje først og fremst ein quiz for faghistorikarar, men for folk flest.

Vi oppfordrar nye og etaberte quizlag, andre kulturhistoriske lag, kulturinstitusjonar og media til å forme lag og vere med.

Påmelding: Ved døra, Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund.

Tid og stad: Torsdag 9. november klokka 19:00, Fiskerimuseet i Molovegen 10, Ålesund.

Lagreglar: Max 4 personar per lag. Laget skal ha eit namn. 50 NOK per person, betaling på døra.

Premie: Mykje heider og ære. Kiosksal.

Om du treng å kontakte oss: post@sunnmorehistorielag.no, eller ring Ingvil 91769356

 

Sunnmøringar i fin stil. Sikkert klare for sunnmørsquiz. Foto: Aalesunds museum

 

ÅRSMØTE I SUNNMØRE HISTORIELAG

Vi inviterer alle medlemer og interesserte til årsmøtet som vi denne gongen har valgt å legge til Sykkylven. I Sykkylven er det eit aktivt lokalhistorisk miljø, i tillegg til Møbelmuseet og det heilt nye Sykkylven Naturmuseum. Vi har vore så heldige å få halde årsmøtet i lokala til museet, og det blir anledning til å ta ei runde for den som vil.

Etter årsmøtesakene får vi eit foredrag om bronsealderprosjektet på Auremarka, halde av styremedlem i Aure Påls vener, Kjetil Tandstad. Sjå gjerne vedlagte link om prosjektet. https://www.nrk.no/mr/bygger-historisk-bronsealderhus-i-sykkylven-1.12938225

Saksliste Årsmøte 2017:
1. Godkjenning av saksliste
2.Val av referent og møteleiar, samt to til å skrive under protokollen
3. Årsmelding 2016
4. Rekneskap 2016
5. Program og årbok 2017
6. Val

Tid: Onsdag 5. april, kl 18:30
Stad: Møbelmuseet / Sykkylven naturmuseum, Storgata 18, Sykkylven.

Vi serverer kaffi med noko søtt til.

Velkomne!

Lanseringsarrangement for Årbok 2016

Torsdag 8. desember inviterte vi til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016. Vi samla oss i det nyopna Middelaldermuseet i Borgundgavlen for ei uhøgtideleg, men interessant stund. Vi var så heldige å få med fleire av bidragsytarane til årets årbok. Dei fortalde frå arbeidet med artiklane og pågåande forsking. Det var også anledning for publikum til å stille spørsmål og å diskutere med artikkelforfattarane. Kvelden viste breidda i det lokalhistoriske arbeidet og engasjementet, og styrka oss i trua på framtidig arbeid.

Eitt av høgdepunkta var sjølvsagt at Velle – karane (frå Sykkylven) viste fram den snart 2000 år gamle Holestokken frå Velledalen.  Teoriane rundt denne stokken vart presentert av bidragsytar Torbjørn Urke.

Men det var også andre interessante tema som vekte interesse, slik som stipendiat Eirik Holmen sitt blikk på Sunnmøre historielag si handsaming av krigshistoria eller Line Iversen si forsking på den sunnmørske brune mannsbunaden.

Sunnmøre historielag syns dette var ein hyggeleg måte å skape møte mellom artikkelforfattarane og publikum. Dette vil vi gjerne få til neste år også. Arbeidet med Årbok 2017 er i gang.

Velkomen til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016

Torsdag 8. desember, kl 19:00 inviterer vi til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016. Lanseringa vil foregå på Middelaldermuseet ved Sunnmøre Museum. 

Denne kvelden blir det innlegg ved artikkelforfattarane, kaffi ilag med andre historieinteresserte og ei muligheit til å sjå den nye utstillinga på Middelaldermuseet ved Sunnmøre Museum.

Årbok for Sunnmøre er ryggrada i Sunnmøre Historielag sitt arbeid for å samle kunnskap og skape interesse omkring sunnmørshistoria.
Årgang nummer 92 har ti interessante og grundige artiklar. Som vanleg er interessefeltet breidt både i tid og tema. Som de ser av framsidebiletet har vi mellom anna ein artikkel om Hekseprosessane på Sunnmøre mot slutten av 1600 -talet. Det er historikaren Ellen Alm som har dukka ned i dette dramatiske kjeldematerialet – som særleg utspela seg på ytre søre Sunnmøre.

Dei øvrige artikkelforfattarane er: Eirik Holmen, Karen Høyland Krogseth, Jostein Fet, Arnljot Løseth, Per Sæther, Line Iversen, Torbjørn Urke, Bjørn Jonson Dale og Harald Kjølås.

Utsalspris Årbok for Sunnmøre er 290 NOK.
Eller; bli medlem av Sunnmøre historielag, få årboka og betal berre 250 NOK! Dette kan du sjølvsagt gjere under lanseringsarrangementet.

Dei som allereie er medlem får sjølvsagt boka med seg heim.
Arrangementet er gratis. VELKOMEN!

Bilete: Brenning av trollfolk skulle beskues av allmenheten til «skrekk og eksempel». Fra verket Historie der martelaren, 1657.

HISTORISK SALONG SØNDAG 2. OKTOBER

Søndag 2. oktober inviterer vi til ny Historisk Salong. Denne gong har vi fått med oss Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk.

Vi stiller han det store spørsmålet: Kven er sunnmøringen?

Som vanleg leier salongvert Ingvil E. Grimstad samtalen, med god hjelp frå eit interessert publikum.

Stad: Avholdshjemmet, Korsegata 6, Ålesund.
Tid: Søndag 2. oktober, kl 13:00.
Billett: 100,-  ved døra.

Sal av italienske kaker, kaffi og diverse årbøker.

Velkomen til ei hyggeleg stund!

Frank Aarebrot kjem til Historisk Salong, 2. oktober. Foto: Jarle Vines
Frank Aarebrot kjem til Historisk Salong, 2. oktober. Foto: Jarle Vines

 

 

…..Foreningen har til maal at fremme gransking av Søndmørs fortid og søke og sprede kundskap om folkets liv og færd i ældre tid….