Årbøkene – no også digitalt!

Sunnmøre historielag gir ut ei ny årbok kvart år. Årboka inneheld alltid artiklar om sunnmørssoga, men med interesse for alle sider av samfunn og menneske. Den neste årboka vert lansert 1. desember 2022. Nytt for 2022 årsskriftet vil vere at skriftet då har fått status som vitskaplege tidsskrift, nivå 1.  

Årbok for Sunnmøre, tidlegare Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, er no digitalisert og gjort tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Gå inn på www.nb.no  og søk på Årbok for Sunnmøre. Her kan du søke i og lese i alle  alle utgåvene frå 1910 til 2020 – uansett kvar du er på kloden. Dette er eit stort og svært interessant lokalhistorisk materiale.

Dei nyaste årbøkene kan kjøpast gjennom Sunnmøre historielag, eller i museumsbutikkane hos Viti; Sunnmøre museum, Jugendstilsenteret & KUBE og Musea i Sykkylven. 

Ta kontakt med leiar Ingvil E Grimstad, tlf 917 69 356 

 

 

…..Foreningen har til maal at fremme gransking av Søndmørs fortid og søke og sprede kundskap om folkets liv og færd i ældre tid….