STÅ OPP – for lokalhistoria!

Altfor få unge tek del i lokalhistoriedugnaden. Nyare lokalhistorie blir ikkje dokumentert. Men korleis få dei unge røystene med? Sunnmøre historielag har invitert tre aktørar som brenn for lokalhistorie, og som har gjort lokalhistorie til brennaktuell formidling i skulen.

På Haramsøy skule tek dei tidsmaskina tilbake i historia  

Elevar frå 1. – 3. trinnet og lærarane Grethe Flem Ulla og Anita Myklebust Ulla viser og fortel om korleis skulen gjennom fleire tiår har gjort lokalhistoria levande. Med undervisningsmetoden Storyline har elevane i 1.-3. klasse ved Haramsøy skule lært om livet på 1800-talet ute på Ulla, Haramsøy. Elevane må finne informasjon og gjere undersøkingar slik at dei kan gå i roller og bu på gardane slik dei gjorde før. Etter eit omfattande kjeldearbeid har dei leika ut hendingane, og bygd heile miljøet som var på Ulla på 1800-talet.

Kvar skal framtidas lokalhistoriske kjelder kome frå?
Svein Ove Dale Østrem er historikar og lærar på Molde vidaregåande skule. Skulen har eit prosjekt ilag med Romsdal sogelag der elevane forskar på eiga slektshistorie. Sogelaget publiserer nokre av historiene i årboka. Målet er å tenne ein «historiegnist» hos ungdommane, men det er også ein god måte å få inn stoff sett med ungdomane sine auge. Østrem har også tankar om dagens stadig meir papirlause samfunn, livet sett gjennom sosiale medier og korleis skulen kan hjelpe oss med innsamling av kjeldemateriale for ettertida.

Alt startar i lokalhistoria

Oddbjørn Hofseth er historikar og lektor, og har skrive fleire lokalhistoriske artiklar med tema frå ålesundsområdet. Han vil greie ut om korleis lokalhistorikaren kan løfte lokalhistorie inn i eit større perspektiv, og vise at lokalhistorie er noko meir enn «berre» historie i eit lokalsamfunn. Som ivrig formidlar av lokalhistorie, både i skulen og som artikkelforfattar, vil han kome med fleire konkrete lokalhistoriske døme.   

Nye røyster i lokalhistoria
Sunnmøre historielag kunne ikkje ha halde oppe aktiviteten i over hundre år hadde det ikkje vore for den store frivillige innsatsen, men den har også variert gjennom tidene. Vi ser mellom anna at særleg dei unge, og dei med kortare røter ikkje tek del i dette arbeidet. Arrangementet markerer frivilligåret, og har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Leiar i Sunnmøre historielag Ingvil E Grimstad seier: «Vi håper at vi denne kvelden kan få ein god diskusjon om både kva lokalhistorie er, og at det kan kome nye røyster inn i dette viktige arbeidet».  

Stad: Verket, hovedbygningen, Sunnmøre museum.
Tidspunkt: torsdag 09. juni kl 18:00.
Inngang: 100 NOK / u 18 gratis


Legg igjen en kommentar