Årbok for Sunnmøre har tatt eit steg vidare. Frå i år vert det også vitskaplege artiklar i det tradisjonsrike lokalhistoriske tidsskriftet.
Sunnmøre historielag har søkt om at Årbok for Sunnmøre skal få status som vitskapleg skrift, og dette har no fått godkjenning. Dette tyder at tidsskriftet, som har blitt utgjeve sidan 1910, kan ta inn artiklar på det som innan høgskule- og universitetssystemet kallast nivå 1. Det blir stilt andre krav til desse artiklane enn til dei ordinære årbokartiklane. Dei må gjennom ei såkalla fagfellevurdering. Ein fagfelle er ein ekstern lesar som kjenner fagfeltet, og som vurderer artikkelen etter vitskaplege kriterier. Fagfellen er anonym og kjenner ikkje namnet til artikkelforfattaren.
Vi meiner dette er ei viktig og rett utvikling for årboka. Årboka har tradisjon for å gje ut artiklar av ulike format og av forfattarar av alle slag. Dette er styrken til årboka, og det skal vi fortsetje med også etter dette.
Det at vi no også opnar for å publisere ein eller to vitskaplege artiklar i kvart tidsskrift gir nye muligheiter. Som vitskapleg tidsskrift vert vi meir attraktive som publiseringskanal for høgskular, universitet, arkiv og museum, då dette gjev poeng og ekstra tilskot. I sin tur vil vi kunne sikre oss artiklar om regionen vår, som elles ville endt opp i andre vitskaplege fora. Årboka er også ein viktig publiseringskanal for regionmuseet Viti, som er utgjevar av årboka ilag med Sunnmøre historielag. Musea satsar stadig meir på forsking, og det å ha eit vitskaplege tidsskrift er eit viktig løft for denne satsinga.
Dei artiklane som skal til fagfellevurdering må vere redaksjonen i hende innan 1. august, for vurdering. Sjå forfattarinstruks her.
Dei andre artiklane må vere redaksjonen i hende innan 15. september, men helst før. Vi ser helst at forfattarinstruks også vert nytta for desse artiklane.