Torsdag 6. desember klokka 18:00 lanserer vi Årbok for Sunnmøre 2018. Årboka har fått nytt og friskt design, og vi har mykje interessant stoff å by på. Som vanleg inviterer vi både forfattarar og interesserte til å vere med på lanseringshending ved Middelaldermuseet i Borgundgavlen i Ålesund.
Fleire av forfattarane vil vere til stades for å fortelje om arbeidet
med artiklane. Det blir høve til både å stille spørsmål og diskutere. Desse har skrive i årets årbok:
Ole M. Ellefsen: Marchadens ville bukkerikk langs norskekysten
Jarle Sulebust: Høvdingehallen på Giske og Peder Fylling Sulebust
Anders Ulstein: Sunnmørsposten under krigen
Johan K. Hasund: Bygdeskikkar frå Ulstein
Arne Knutsen: Stavkirker på Møre
Jostein Fet: I vestlendingars fotefar på Færøyane og Nygards Inga
Oddbjørn Hofseth: Evensmos Englandsfarere. Boka, filmen og mottakinga
Terje Aarset: Oddvar Nes (1938-2016)
Vi serverer kaffi og peparkaker, og dei som er medlem av historielaget får med seg den rykande ferske boka heim. Du kan også kjøpe boka, for 290 NOK. Teiknar du medlemsskap i Sunnmøre historielag er prisen 250 NOK.
Velkomne!