Årbok for Sunnmøre har komme ut nesten kvart år sidan 1910, og i 2018 kjem 94. årgang. Rundt om på Sunnmøre, og i resten av landet for den del, er det mange som har prosjekt eller kunnskap som kan – og bør – resultere i ein artikkel til Årboka.
Utgjevarar av Årbok for Sunnmøre er Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum og Sunnmøre Historielag. Årboka er open for alle som har noko nytt dei vil presentere. For det er eit absolutt krav. Det som vert presentert i Årbok for Sunnmøre skal vere noko nytt og ikkje noko som alt har stått på trykk.
Vi har ikkje noko spesielt tema i 2018, men er opne for alle gode, innsiktsfulle og velskrivne artiklar. Eit anna krav er at artikkelen må vere inne til redaksjonen innan 15.september. Målet er at Årboka skal vere ute i byrjinga av desember 2018.
Redaksjonen har ikkje krav om noko bestemt målform. Lengda er heller ikkje avgjerande, men den bør helst ikkje vere på meir enn 30 sider. Dei må leverast elektronisk, helst som Word-filer. Vi ønsker også å gjere det mogleg for lesaren å sjå nærare på kvar forfattaren har henta materialet sitt frå. Dermed bør det følgje med ei liste over kjelder og litteratur. Fotnotar eller sluttnotar gjev den interesserte lesaren høve til å sette seg endå betre inn i stoffet.
Illustrasjonane er viktige. Både dei og bilettekstane kan seie mykje. Difor må kvar forfattar jobbe med illustrasjonar samstundes som ein skriv. Fristen 15.09 gjeld også for illustrasjonane. Sørg også for at dei er plassert i teksten. Helst vil vi ha dei som JPG- eller tilsvarande filer, i høg oppløysing. Hugs at det skal følgje med ein kortfatta presentasjon av forfattaren. Her kan ein sjå bak i tidlegare årbøker for å finne døme på korleis det er gjort.
Forfattaren får høve til å lese korrektur på artikkelen ein gong.
Skriftstyret var i 2017 heile styret i Sunnmøre Historielag. Nytt styre er på plass etter årsmøtet i laget, men artiklar kan sendast leiar Ingvil Grimstad : ingvil@sunnmore.museum.no
Elles kan spørsmål inntil vidare rettast til skriftstyret i 2017: Ole M. Ellefsen, Vibeke Lunheim, Bente Håhjem, Anders Ulstein, Torbjørn Nedregotten Akslen, Dag Brøther, Jarle Sulebust og Ingvil Eilertsen Grimstad.