Har sunnmørshistoria hatt noko å seie for den maritime klynga?
Den maritime industrien er Sunnmøre si viktigste næringsgrein. No er næringa komen under press i ei global nedgangstid, og omstilling er naudsynt. I ei slik tid er det nyttig å diskutere kva som var dei historiske årsakene til at Sunnmøre fekk ein slik livskraftig industri. Var det noko innan kultur, økonomi, sosial struktur og geografi som var spesielt med Sunnmøre? Var det bedehusa og fiskarbonden? Var det draget mot Storegga og Vestisen? Og skapte avstanden til både Bergen og Trondheim større sjølvstende? Og når vi no står i ei ny brytningstid, har noko av dette framleis relevans?
Sunnmøre Historielag løftar fram dei store aktuelle spørsmåla i regionen vår. Først ut er den maritime industrien. Vi inviterer gjestar til å dele tankar med oss i ein roleg atmosfære. Til det første møtet har vi invitert styreleiar i Kleven, Kjersti Kleven, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten og historikar Arnljot Løset. Salongvert er Ingvil Eilertsen Grimstad, styreleiar i Sunnmøre Historielag. Publikum er invitert til å ta del i samtalen. Inngang kr 50,- Sal av kaffi og kaker.