LANSERING AV ÅRBOK FOR SUNNMØRE 2021

Velkomne til bokslepp og forfattarmøte for Årbok for Sunnmøre 2021, i foajeen ved Sunnmøre museum, torsdag 02. desember kl 18:00.

Sunnmøre historielag og Viti lanserer Årbok for Sunnmøre 2021. Årboka inneheld mykje og variert stoff, både frå frivillige historieinteresserte og frå museet sine tilsette. Fleire av forfattarane kjem og fortel om artiklane sine. Det vert også musikalske innslag ved Anna Gjendem og Ivar Aasen spelemannslag.

Både medlemmer av historielaget og andre interesserte er hjarteleg velkomne. Det vert høve til å teikne medlemsskap i historielaget, og Årboka vert lagt ut for sal. Arrangementet er gratis.

Årsmøte 2021

ÅRSMØTE 2020, TORSDAG 28. oktober kl 18:00
Sunnmøre historielag inviterer til eit noko forsinka årsmøte for 2020. Denne gongen tek vi turen til Velledalen i Sykkylven , og møtast på Velledalen grendahus.

Programmet for kvelden:
18:00 Årsmøtesaker Sunnmøre historielag:

– årsmelding og rekneskap
– kontingent
– orienteringar om lag og årbok
– program 2022
– val

19:00 Velledalen sogelag fortel om Brunstadskulen, solstokken og arbeidet sitt.
Matykt.


VELKOMNE!

Årsmøte sunnmøre historielag

Torsdag 9. mai klokka 18:00 inviterer vi til årsmøte i Sunnmøre Historielag. Møtet vert halde ombord i bankskøyta Storeggen av Aalesund, ved kaia i Volda sentrum.

Etter årsmøtesakene får vi eit innlegg om det lokal – og regionalhistoriske arbeidet ved Høgskulen i Volda, ved Harald Krøvel.

Ingvil E Grimstad vil orientere om bankskøytehistoria.

Det blir litt å bite i og kaffi.

Vel møtt ombord!

Lansering Årbok 2018

Torsdag 6. desember klokka 18:00 lanserer vi Årbok for Sunnmøre 2018. Årboka har fått nytt og friskt design, og vi har mykje interessant stoff å by på. Som vanleg inviterer vi både forfattarar og interesserte til å vere med på lanseringshending ved Middelaldermuseet i Borgundgavlen i Ålesund.

Fleire av forfattarane vil vere til stades for å fortelje om arbeidet

med artiklane. Det blir høve til både å stille spørsmål og diskutere. Desse har skrive i årets årbok:

Ole M. Ellefsen: Marchadens ville bukkerikk langs norskekysten
Jarle Sulebust: Høvdingehallen på Giske og Peder Fylling Sulebust
Anders Ulstein: Sunnmørsposten under krigen
Johan K. Hasund: Bygdeskikkar frå Ulstein
Arne Knutsen: Stavkirker på Møre
Jostein Fet: I vestlendingars fotefar på Færøyane  og Nygards Inga
Oddbjørn  Hofseth: Evensmos Englandsfarere. Boka, filmen og mottakinga
Terje Aarset: Oddvar Nes (1938-2016)

Vi serverer kaffi og peparkaker, og dei som er medlem av historielaget får med seg den rykande ferske boka heim. Du kan også kjøpe boka, for 290 NOK. Teiknar du medlemsskap i Sunnmøre historielag er prisen 250 NOK.

Velkomne!

STRIKKEHISTORISK KAFE

Vi gleder oss til å invitere til Sunnmøre historielag sin første strikkehistoriske kafe. Tema for kvelden er strikkinga si historie. Vi er inne i ein periode der det er trendy å strikke. Korleis har dette vore tidlegare? Kva tid begynte ein å strikke? Regionkonservator og historikar Line Iversen deler av sin kunnskap om strikkinga si historie med foredraget; Frå bestemor til Youtube. 

Vi får også besøk av Wenche Haddal som er opptatt av riktig bruk av ein lokal og hardfør ressurs: villsauen. Ho viser nokre av villsauprodukta sine, og fortel om prosessen frå garn til ferdig produkt.

Før dei kjemiske fargane tok over for å gje farge til garn og tekstilar, var det fargestoff frå plantar, tre og innekt som vart brukt til farging. Både lokale og importerte vekstar vart brukt. Cecilie Rørstad syner norsk plantefarga ullgarn og korleis fargeprosessen vert gjort. Garnet har blitt farga på dei to middelalderfestivalane i Borgundkaupangen.

Middelaldermuseet, torsdag 18. oktober kl 18:30. Inngang kr 50. Sal av kaffi og kaker.
Velkomne med og utan strikk!

Årsmøte Sunnmøre historielag

Vi inviterer alle medlemmer og interesserte til årsmøtet som vi denne gongen har lagt til Middelaldermuseet ved Sunnmøre museum. Etter at vi har gått gjennom årsmøtesakene har vi invitert Arne Knutsen til å gi oss foredraget: «Då bautaen til Giskeætta kom heimat til Giske, etter over 70 år på vandring.»

Tid: Tysdag 8. mai kl 18:00
Stad: Middelaldermuseet / Sunnmøre museum, Ålesund

Saksliste:
1. Godkjenning av saksliste
2. Val av referent og møteleiar, samt to til å skrive under protokollen. 3. Årsmelding 2017
4. Rekneskap 2017
5. Årboka og Stiftinga Sunnmøre museum, orientering.
6. Program 2018.
7. Val

Arne Knutsen held foredrag om bautastein på Giske. Foto: Arne Knutsen

 

STRIKKINGA SI HISTORIE

Sunnmøre historielag ønsker å rette fokus på ein aktivitet som ikkje har fått den merksemda den burde fått: nemleg strikking. Jamfør vedlagte artikkel frå forsking.no

Artikkel i forsking.no om strikking

Vi legg opp til ein kombinert foredrags – og strikkekafe i oktober / november, og ønsker å kome i kontakt med strikkeentusiastar og strikkeklubbar som kan vere med å gjere dette til eit spennande arrangement. Ta kontakt: post@sunnmorehistorielag.no eller ring Ingvil på 91769356

 

Vi søker artiklar for Årbok for Sunnmøre 2018

Årbok for Sunnmøre har komme ut nesten kvart år sidan 1910, og i 2018 kjem 94. årgang. Rundt om på Sunnmøre, og i resten av landet for den del, er det mange som har prosjekt eller kunnskap som kan – og bør – resultere i ein artikkel til Årboka.

Utgjevarar av Årbok for Sunnmøre er Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum og Sunnmøre Historielag.  Årboka er open for alle som har noko nytt dei vil presentere. For det er eit absolutt krav. Det som vert presentert i Årbok for Sunnmøre skal vere noko nytt og ikkje noko som alt har stått på trykk.

Vi har ikkje noko spesielt tema i 2018, men er opne for alle gode, innsiktsfulle og velskrivne artiklar. Eit anna krav er at artikkelen må vere inne til redaksjonen innan 15.september. Målet er at Årboka skal vere ute i byrjinga av desember 2018.

Redaksjonen har ikkje krav om noko bestemt målform. Lengda er heller ikkje avgjerande, men den bør helst ikkje vere på meir enn 30 sider. Dei må leverast elektronisk, helst som Word-filer. Vi ønsker også å gjere det mogleg for lesaren å sjå nærare på kvar forfattaren har henta materialet sitt frå. Dermed bør det følgje med ei liste over kjelder og litteratur. Fotnotar eller sluttnotar gjev den interesserte lesaren høve til å sette seg endå betre inn  i stoffet.

Illustrasjonane er viktige. Både dei og bilettekstane kan seie mykje. Difor må kvar forfattar jobbe med illustrasjonar samstundes som ein skriv. Fristen 15.09 gjeld også for illustrasjonane. Sørg også for at dei er plassert i teksten. Helst vil vi ha dei som JPG- eller tilsvarande filer, i høg oppløysing. Hugs at det skal følgje med ein  kortfatta presentasjon av forfattaren. Her kan ein sjå bak i tidlegare årbøker for å finne døme på korleis det er gjort.

Forfattaren får høve til å lese korrektur på artikkelen ein gong.

Skriftstyret var i 2017 heile styret i Sunnmøre Historielag. Nytt styre er på plass etter årsmøtet i laget, men artiklar kan sendast leiar Ingvil Grimstad : ingvil@sunnmore.museum.no

Elles kan spørsmål inntil vidare rettast til skriftstyret i 2017: Ole M. Ellefsen, Vibeke Lunheim, Bente Håhjem, Anders Ulstein, Torbjørn Nedregotten Akslen, Dag Brøther, Jarle Sulebust og Ingvil Eilertsen Grimstad.

Lansering av Årbok for Sunnmøre 2017

Torsdag 30. november kom den rykande ferske Årbok for Sunnmøre 2017, akkurat i tide til lanseringsarrangementet i Borgundgavlen. Årets bok  har mykje og variert stoff, frå fjern og nyare tid. Ein av dei som deltok med innlegg under lanseringa var Astor Furseth. Han har skrive om arkeologiske funn frå dei høgste toppane i Tafjordfjella. Dei eldste funna stammar mest sannsynleg frå eldre steinalder ( omlag 10 000 år f.k.) Furseth meiner at funna er eineståande i Norge, og at dei kan kome til å endre etablert kunnskap.

Leiv Arne Grimstad snakka om dei gamle tunvegane i Snipsøyrdalen i Hareid kommune. Med den offentlege vegutbygginga midt på 1800 – talet, forsvann desse vegane. Nokre stader kan ein imidlertid finne spor, til dømes steinbruer.

Jarle Sulebust fortalde om overgangen frå katolisisme til protestantisme  på Sunnmøre. At prestane etter reformasjonen kunne gifte seg førte til danninga av eit dynasti av prestefamiliar. Eit anna og uutforska tema er korleis det gjekk med dei fattige når tienden ikkje lenger vart innkrevd.

Dei andre forfattarane i årets Årbok for Sunnmøre er:
Line Iversen, Dan Andrè Fiskum Velle, Ann Helene Bolstad Skjelbred, Knut Baar, Stein Johannes Kolnes, Ivar Gunnar Braaten, Arnljot Løseth, Harald Kjølås, Karen Høyland Krogseth, Jostein Fet og Steffen Knak-Nielsen.

Medlemmer får boka sendt i posten. Medlemskap kostar 250 NOK
Andre kan kjøpe boka, enten ved å vende seg til Sunnmøre Historielag, post@sunnmorehistorielag.no

eller

i butikken på Sunnmøre museum. avd Borgundgavlen og i butikken på Aalesunds museum i Rasmus Rønnebergsgt 16, Ålesund.
Boka kostar då 290 NOK

…..Foreningen har til maal at fremme gransking av Søndmørs fortid og søke og sprede kundskap om folkets liv og færd i ældre tid….