Lanseringsarrangement for Årbok 2016

Torsdag 8. desember inviterte vi til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016. Vi samla oss i det nyopna Middelaldermuseet i Borgundgavlen for ei uhøgtideleg, men interessant stund. Vi var så heldige å få med fleire av bidragsytarane til årets årbok. Dei fortalde frå arbeidet med artiklane og pågåande forsking. Det var også anledning for publikum til å stille spørsmål og å diskutere med artikkelforfattarane. Kvelden viste breidda i det lokalhistoriske arbeidet og engasjementet, og styrka oss i trua på framtidig arbeid.

Eitt av høgdepunkta var sjølvsagt at Velle – karane (frå Sykkylven) viste fram den snart 2000 år gamle Holestokken frå Velledalen.  Teoriane rundt denne stokken vart presentert av bidragsytar Torbjørn Urke.

Men det var også andre interessante tema som vekte interesse, slik som stipendiat Eirik Holmen sitt blikk på Sunnmøre historielag si handsaming av krigshistoria eller Line Iversen si forsking på den sunnmørske brune mannsbunaden.

Sunnmøre historielag syns dette var ein hyggeleg måte å skape møte mellom artikkelforfattarane og publikum. Dette vil vi gjerne få til neste år også. Arbeidet med Årbok 2017 er i gang.

Velkomen til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016

Torsdag 8. desember, kl 19:00 inviterer vi til lansering av Årbok for Sunnmøre 2016. Lanseringa vil foregå på Middelaldermuseet ved Sunnmøre Museum. 

Denne kvelden blir det innlegg ved artikkelforfattarane, kaffi ilag med andre historieinteresserte og ei muligheit til å sjå den nye utstillinga på Middelaldermuseet ved Sunnmøre Museum.

Årbok for Sunnmøre er ryggrada i Sunnmøre Historielag sitt arbeid for å samle kunnskap og skape interesse omkring sunnmørshistoria.
Årgang nummer 92 har ti interessante og grundige artiklar. Som vanleg er interessefeltet breidt både i tid og tema. Som de ser av framsidebiletet har vi mellom anna ein artikkel om Hekseprosessane på Sunnmøre mot slutten av 1600 -talet. Det er historikaren Ellen Alm som har dukka ned i dette dramatiske kjeldematerialet – som særleg utspela seg på ytre søre Sunnmøre.

Dei øvrige artikkelforfattarane er: Eirik Holmen, Karen Høyland Krogseth, Jostein Fet, Arnljot Løseth, Per Sæther, Line Iversen, Torbjørn Urke, Bjørn Jonson Dale og Harald Kjølås.

Utsalspris Årbok for Sunnmøre er 290 NOK.
Eller; bli medlem av Sunnmøre historielag, få årboka og betal berre 250 NOK! Dette kan du sjølvsagt gjere under lanseringsarrangementet.

Dei som allereie er medlem får sjølvsagt boka med seg heim.
Arrangementet er gratis. VELKOMEN!

Bilete: Brenning av trollfolk skulle beskues av allmenheten til «skrekk og eksempel». Fra verket Historie der martelaren, 1657.

HISTORISK SALONG SØNDAG 2. OKTOBER

Søndag 2. oktober inviterer vi til ny Historisk Salong. Denne gong har vi fått med oss Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk.

Vi stiller han det store spørsmålet: Kven er sunnmøringen?

Som vanleg leier salongvert Ingvil E. Grimstad samtalen, med god hjelp frå eit interessert publikum.

Stad: Avholdshjemmet, Korsegata 6, Ålesund.
Tid: Søndag 2. oktober, kl 13:00.
Billett: 100,-  ved døra.

Sal av italienske kaker, kaffi og diverse årbøker.

Velkomen til ei hyggeleg stund!

Frank Aarebrot kjem til Historisk Salong, 2. oktober. Foto: Jarle Vines
Frank Aarebrot kjem til Historisk Salong, 2. oktober. Foto: Jarle Vines

 

 

HISTORISK SALONG

HISTORISK SALONG!

invitasjon_Salong2016_222Torsdag 28. april arrangerte vi Historisk Salong med eit tema som alle snakkar om: Nye kommunestrukturar. Som salongdeltakarar hadde vi med oss ordførar i Volda og professor emeritus Jørgen Amdam og pensjonert redaktør i Sunnmørsposten Harald Kjølås. Både salongvert Ingvil E. Grimstad og publikum stilte spørsmål.

Kommunegrensene er forma rundt bygdesentrum og handelssentrum. Ein kommune er likevel ikkje det same som staden eller byen, sjølv om dei oftast har same namnet. Kommunegrensene har blitt forma gjennom politiske og økonomiske makttilhøve, men dei har også blitt forma nedanifrå gjennom fellesskap og kultur.

Kommunane er eit samliv mellom fellesskap og politikk på den eine sida, og den reine forvaltning av politikken på den andre. Nye kommunestrukturar kan utfordre dette samlivet. Og begge partar har ei historie vi er interessert i.

 

Årsmøte Sunnmøre Historielag

Vi inviterer alle medlemmer i Sunnmøre Historielag  – og også andre interesserte – til å møte på Årsmøtet, torsdag 17. mars kl 19:00. Møtet vert halde på Sunnmøre museum, i Ytterlandsstova.

Er du med på Årsmøtet har du anledning til å forme laget si framtid, og samtidig møte andre lokalhistorie-interesserte. Etter årsmøtet vil forfattar Ole M. Ellefsen halde eit kåseri om den nye boka si, om Rønnebergfamilien. Det gler vi oss til!

Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av referent og møteleiar, samt to til å skrive under protokollen.
  3. Årsmelding 2015
  4. Rekneskap 2014 og 2015
  5. Forslag til endring i vedtekter.
  6. Program 2015.
  7. Val

Velkomne skal de vere!

Rønnebergfamilien er bygde seg opp gjennom handel og fiske. Rønnebergvillaen, sett frå hamna i Ålesund. Foto: Alesund museum.
Rønnebergfamilien er bygde seg opp gjennom handel og fiske. Rønnebergvillaen, sett frå hamna i Ålesund. Foto: Alesund museum.

 

 

…..Foreningen har til maal at fremme gransking av Søndmørs fortid og søke og sprede kundskap om folkets liv og færd i ældre tid….