STÅ OPP – for lokalhistoria!

Sunnmøre historielag søker folk under 50 og/eller med korte røter på Sunnmøre til å vere med i ein uformell lokalhistoriestafett. Arrangementet skjer på Sunnmøre museum, og er ope for alle.

Innsamling av lokalhistorie er avhengig av frivillige. Dessverre er det få yngre, innflyttarar og innvandrarar som deltek i dette arbeidet. Dette fører til at nyare lokalhistorie ikkje blir dokumentert eller formidla.  

Med dette prosjektet ønsker Sunnmøre historielag å kome i kontakt med yngre forteljarar og folk med kortare røter på Sunnmøre. Kjenner du at du brenn for eit lokalhistorisk tema eller ei hending, eller at du kjenner nokon som gjer det: ta kontakt med oss og meld deg på! Innlegget treng berre vere på 10 – 15 minutt. Dei vi plukkar ut til å vere med får også deltakarhonorar.

Arrangementet går føre seg på Sunnmøre museum torsdag 09. juni kl 18:00. Arrangementet er ein del av markeringa av frivilligåret.

Ta kontakt på e-post: post@sunnmorehistorielag.no – eller ring til leiar Ingvil E. Grimstad 917 69 356

Legg igjen en kommentar